tirsdag 16. mars 2010

Facebook:

Facebook er eit sosialt medium som har teke av den siste tida. Facebook vert nytta av både gamal og ung, og gjev ein kjempe fin moglegheit for å opprette, eller oppretthalde kontakt med vennar og kjente som ei gjerne ikkje har hatt kontakt med på årevis.

Eg merka på meg sjølv, den fyrste tida etter at eg hadde oppretta ein profil, at eg vart ganske hekta.Det gjekk med mange timar og kveldar på nettet... Men etter kvart vart det eigentleg ganske kjedleg å sitte inn på der å glo, så eg er vel komt ned på eit akseptabelt niva når det gjeld tidsforbruk på facebook:)

Dette merkar ein jo også som eit problem i klasserommet. Elevane er hekta på sosiale medier som facebook,nettby ol. og nokon av dei er innlogga heile skuledagen. Og eg kan jo godt forstå at det kan vere fristande å gå inn å sjekke ein gong i blandt(i løp av undervisninga)....

Fordelen til elevane i dag at dei har tilgang på pc og internett heile skuledagen. Men for enkelt av desse elevane er dette eit problem, då dei har store problemer med å begrense tidsbrukes sin på sosiale medier. Dette medføre sjølvsagt at dei ikkje får med seg det som skjer i undervisninga. Det er heller ikkje alltid like enkelt for lærarane å kontrollere bruken av sosiale medier hos elevane. Men her finst nok sikkert løysingar på denne problemstillinga også:) Nokon som har gode tips??

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar