tirsdag 16. mars 2010

Løysing på arbeidskravet:

Eg har i arbeidskravet laga nokon små blogginnlegg om sosiale medier og fornuftig bruk av dei. Har også lagt inn bilde og filmsnuttar i bloggen min, som er relevante i høve blogginnlegga.

Eg har vore inn og skrevet små kommentarar på dei andre i gruppa sine blogginnlegg. Lenkjer på desse finn du her:
Nina
Ola
Geir
Roger Jan

www.netvibes.com/annryg har eg vore inn å abonnert ca 20 levande bokmerker, i tillegg til bloggane til dei andre i gruppa

Facebook:

Facebook er eit sosialt medium som har teke av den siste tida. Facebook vert nytta av både gamal og ung, og gjev ein kjempe fin moglegheit for å opprette, eller oppretthalde kontakt med vennar og kjente som ei gjerne ikkje har hatt kontakt med på årevis.

Eg merka på meg sjølv, den fyrste tida etter at eg hadde oppretta ein profil, at eg vart ganske hekta.Det gjekk med mange timar og kveldar på nettet... Men etter kvart vart det eigentleg ganske kjedleg å sitte inn på der å glo, så eg er vel komt ned på eit akseptabelt niva når det gjeld tidsforbruk på facebook:)

Dette merkar ein jo også som eit problem i klasserommet. Elevane er hekta på sosiale medier som facebook,nettby ol. og nokon av dei er innlogga heile skuledagen. Og eg kan jo godt forstå at det kan vere fristande å gå inn å sjekke ein gong i blandt(i løp av undervisninga)....

Fordelen til elevane i dag at dei har tilgang på pc og internett heile skuledagen. Men for enkelt av desse elevane er dette eit problem, då dei har store problemer med å begrense tidsbrukes sin på sosiale medier. Dette medføre sjølvsagt at dei ikkje får med seg det som skjer i undervisninga. Det er heller ikkje alltid like enkelt for lærarane å kontrollere bruken av sosiale medier hos elevane. Men her finst nok sikkert løysingar på denne problemstillinga også:) Nokon som har gode tips??

Nettvettsreglar:

- Vær Forsiktig med å gje ut opplysningar om deg sjølv
- Beskytt gjerne Namnet ditt - Bruk kallenamn
- Oppfør deg fint mot andre på nettet
- Spør alltid om lov til å Legge ut informasjon / bilder av andre
- Møt ikkje folk du chattar med på nett åleine
- Snakk med voksene vist du opplever ubehaglege ting på nett


Bruk nettvett!!

Å vere på nett kan vere både spennande,kjekt å lærerikt. Her er mange ting ein kan halde på med som td.blogging,lage heimsider, sosiale medier som facebook, nettby, twitter ++++. Internett er eit hav av informasjon og moglegheitar som alle kan benytte seg av. Internett har mange positive sider, men det er dessvere nokre negative sider med det også:(

Flesteparten av dei unge i dag er godt vant med å bruke data, og har god oversikt over sosiale medier på internett. Dei er flinke til å bruke desse mediene,og dei tilbringer ofte fleire timar for dag på dette.

Ungdommen kan til tider vere lite kritiske til kva dei legg ut på nett, av seg sjølv og av andre. Ting sprer seg i ein enorm fart, og her kan fort oppstå ubehaglege situasjonar. Alle kan jo som tidlegare nemnt bruke nettet, og ein veit aldri kven som er på andre sida og fangar opp sensitiv informasjon. Enn om det måtte gjelde chatting eller informasjon som vert lagt ut i eit sosialt media.

Det å lære dei unge opp til å bruke sunn fornuft på nett er viktig!! Og her har vi som lærarar og forelde kanskje eit ansvar?